Coronaviruset- et endetidstegn?

Av Hans Reite, Volda

   Fleire menneske har spurt meg om dette. Står det noko i Bibelen om slike ting? Er det dommedag som står for døra? Ein er redde for sitt liv og kva som vil skje i framtida. Kva med borna og etterkomarane våre? Ein slik pandemi har ikkje funne stad på hundre år og den kom så brått på oss alle. Skal vi berre leve i frykt eller finnes det noko som kan gi tryggheit i denne tida?

   Heilt sidan eg vart ein personleg kristen for snart femti år sidan, har eg hatt interesse for det profetiske ordet i Bibelen. Den gamle boka talar faktisk om vår tid. Eit eksempel står i profeten Daniel: » Folk skal reise hit og dit og kunnskapen skal bli stor.» Dei siste hundre åra har det eksplodert med reising etter at flya kom. Verda har vorte som ein landsby, var det ein mann som sa. Før i tida budde ein gjerne på garden heile livet og tok nokre små nødvendige turar. Mobilen er eit døme på den voldsomme kunnskapen som har kome. Med ein liten mobil kan ein no sende nesten gratis program til vener over heile verda. Dette verka heilt umulig berre for nokre få tiår tilbake.

  Ja, eg trur at korona er eit endetidsteikn. Før Jesus for opp til himmelen tala han om ting som skulle skje før han kom attende. Han reknar opp store jordskjelv, krigar og rykte om krig, hungersnaud og pandemiar. Jordskjelva har auka i tal og styrke og freden som FN og folk har venta på har ikkje kome. Det er opprør og mindre krigar mange plassar. Forureininga er stor og kval og fisk døyr i havet. Sjølv om helsevesenet er godt, har ein stått nesten makteslause når korona pandemien kom. Ein må innsjå at vi menneske er små trass alt.

  Jesus tala om at det skal koma rier som hos ei fødande kvinne. Riene kjem først svakt og så sterkare og sterkare med jamne mellomrom heilt til barnet vert fødd. Korleis vil evolusjonistane forklare dette ut frå at alt er tilfeldig og har vorte til ved ein eksplosjon? Ei rie var då flya råka tvillingtårna i New York og over tre tusen menneske omkom. Verda vart ikkje den same etter dette. Fleire har sagt at verda vert heller ikkje den same etter korona. Sjølv om ein finn ei god vaksine vil mange ting vere annarleis enn før.

  Det er utruleg at denne virusen kunne påverke heile verda og har halde ein milliard menneske i karantene. Heile verda har vore i frykt. Berre i USA er ein million menneske smitta og over femti tusen døde av pandemien. Skal frykta føre til at alle tar appen som fører til at ein vert overvåka? Bibelen talar i Openberringsboka om at det kjem ei tid då ein sterk verdsleiar skal stå fram og kreve at alle skal ta ein chip i handa eller i panna ellers så vert dei drepne. Skrifta kallar denne mannen for Antikrist. Eg vil åtvare alle mot å implantere ein chip slik dei har begynt å gjere i Sverige og USA. 

   Som kristne så ventar vi ikkje på Antikrist, men på Jesus Kristus som skal kome og fri oss frå den komande vreidetida. Bibelen kallar dette for  » Vårt sæle håp». Herren forberder oss ein bedre plass der det er gater av gull og stor herlegdom. I himmelen er der ikkje sjukdom, smerte, nød og død. Jesus sa at vi skulle lyfte augene når vi ser alt dette skje for utløysinga vår stundar til. I denne tida er det godt å kunne ha ei tru og ei von. I kjærleikskapitlet står det om tru, von og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken for den er evig. Gud er kjærleik og gir evig liv til alle som trur!

2 thoughts on “Coronaviruset- et endetidstegn?

  1. Sterkt, sant, profetisk, klokt, og menningsfylt budskap!
    Evangelist: Ove Jan Ludvigsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *